Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
«Mirra» er eit eldre utdøydd dialektord frå Hardanger som skildrar når reinen spring samla i sirkulerande sirkel, både for å halde varmen, men også for å halda unna rovdyr. Eller det vart bruka for å skildra at det «myldra» av rein. Verket følgjer delar av villreinens åtferd og årsyklus, der også deira distinkte lydar er ein viktig del av komposisjonane. Alt dikta med utgangspunkt i folkemusikkens suggererande gjentakingar, inspirert av minimalisme, krautrock, og fri improvisert musikk.
Mirra har sidan lanseringa motteke svært gode kritikkar nasjonalt og internasjonalt, der Morgenbladet mellom anna skreiv «Mektig er kanskje ikke et stort nok ord for Benedicte Maurseths Mirra», og Dag og Tid omtalte albumet som eit «minimalistisk meisterverk». The Guardian trekte det mellom anna fram som Folk Album of the Month. Alt forma og framført i samspel med nokre av Noregs fremste musikarar innan jazz- og samtidsmusikk, Mats Eilertsen, Morten Qvenild og Håkon Mørch Stene.
Besetning;
Benedicte Maurseth (hardingfele) Håkon Stene (rytmisk og melodisk slagverk, elektronikk) Mats Eilertsen (kontrabass, el-bass) Morten Qvenild (piano, elektronikk)